Free Web Hosting by Netfirms
Web Hosting by Netfirms | Free Domain Names by Netfirms

Den andre perioden.
1899 -
Ny drift med lågare prisar etter stans 1894 - 1899. Henriksen er blitt oberst - han blir pensjonert.
1908 - 1913
Nytt aksieselskap EVJE NIKKELVERK A/S. Taubanen bygd mellom gruva og verket. Kraftstasjon i Fennefossen 1910 - utvida 1913. Gruveheis, vannpumper og steinknusar med elektrisk drift 1910. Nytt skeidehus med skeideband (reima) oppført.
Etter at ingeniør Grønningsæter hadde studert Hybinettes raffineringsprosess i Amerika, la han om smelteprosessen frå 5 til 3 trinn.
Evje nikkelverk bygd i 1910. Innføring av maskinboring, ei loddsjakt blei påbegynt og ein ny og større gruveheis innstallert. Ikkje nok råstoff frå Flåt gruver. Evje nikkelverk leigde og dreiv Fæø gruve nær Haugesund, og rik stykkmalm derfrå blei frakta til Evje og smelta saman med Flåt - malmen. Admiral Børresen direktør på smelteverket.
I 1913 blei dei gamle garherdane skifta ut med konvertorovn. Garherdane var ein slag store smie-esser som frå gamalt av hadde vore brukt til å senke jarninnhaldet i sjersteinen. Dei blei supplerte av flammeomnar og deretter bytta ut med konvertor.
1914 - 1919
Krigsproduksjon. Sal til Tyskland stoppa etter ei tid. Bygde flotasjonsanlegg 1917. Gruvas kapasitet er nå 40 - 60.000 tonn malm i året. Amerikans foretak konkurs etter krigen. Evje Nikkelverk A/S konkurs 1925 og eigedomane blei selde på tvangsauksjon.

Det var ikkje mangel på malm som var årsaka til at drifta blei innstilt. Men malmen var fattig, konjunkturane dårlege og i 1920 - åre var det ikkje lett å skaffe pengar.

Arbeiderbustadane og Storebrakka i Flatebygd blei bygde i 1917, - også "ungkarsbrakka".

Flåt gruver er ute av drift frå 1920 til 1927. Feltspatdrift er redninga for stigeren, ingeniøren og kontoristen som er aksjehavarar i Norsk Feldspattkompani A/S.

Mange av arbeidsfolka frå Flåt gruver driv nå feltspatdrift.

Profil av Flåt gruve 1904 - 1907