Free Web Hosting by Netfirms
Web Hosting by Netfirms | Free Domain Names by Netfirms

Den første perioden.
1648 - 1680
Danskekongen leitar etter sølv og kopar i Valle. Peder Lind i Kristiansand er ein av dei som leitar etter malm.
1844 - 1850
Setesdalens kobberverk v/generalkonsul Reinhardt, Kristiansand. 23 skjerp frå Birkeland i Iveland til Bø - gruva i Valle. 1845 - 1847 blei det transportert malm frå Flåt til smeltehytta i Åraksbø.
I denne perioden blei det oppdaga nikkel og fleire andre metall i malmen i tillegg til kopar.
Konkurs på 90.000 riksdalar. I 1870 får smelteverksbestyraren, F. F. A. L. Seippel, mutingsbrev.
1869 - 1876
Prøvedrift 1869 - 72. Tenkte å begynne nikkelgruve på Birkeland i Iveland. Infanterikaptein Ferdinand Henriksen kjøpte driftsrett for 300 spesidalar i 1872.
Smeltehytte bygd ved Fennefossen 1873, 20 - 30 mann i arbeid. Nikkel brukt til nysølv til prydgjenstandar. Nikkelmyntar blei meir vanlege frå 1860 åra.
I 1874 var 7 smeltehytter og 40 nikkelgruver i drift her i landet. Evje Nikkelverk blei skipa i 1872 av F. Henriksen, enkefru Roscher og dr. Thaulov, - kapital 120.000 kroner.
Transporten den ca 6 km lange vegen frå gruva til verket gjekk føre seg med hest. Frakt av eksportproduktet frå Evje til Kristiansand gjekk med pram 2 mil til Kilefjorden, med hest og kjerre tre mil til Mosby og til slutt ei mil i pram på Otra. Eksporten gjekk for det meste til Tyskland.
Kart over Flåt gruve.

Perspektivskisse.

Tegnforklaring
A Heistransformator
B Heisbukk (1910)
C Sorteringshus
D Slepesjakt (overbygg)
E Loddrett heis (1872)
F Slepesjakt
G Faring (1899)
H Nullpunkt
J Vedskur
K Privet (1872)
L Vaskedam
M Skur
N Smie
O Gl. kontor (1872)
P Synk (1889)
Q Oberstens synk (1901)
S Barakke
T Vaskedam

1884 - 1894
H. H. Vivian Co., England, leiger gruva og Verket for 1500£
Malm raffinert i England. 4 - 9000 tonn i året, 112 Ni - matter pr. år. 40 mann i gruva og 60 mann på verket. Eit sjelden mineral i Flåt gruver heiter Vivianitt. Det er å se på museet. I 1888 begynte Canadian Copper Company. Flåt utkonkurrert 1894.

1894 - 1899
Setesdalsbanen 1896. Transport utg. halvert for nikkelmatter. Koksfrakt redusert med 75 %.Låge malmprisar. Inga drift før 1899. Henriksen blir eineeigar. Søren Østerhus er stiger.